bukplastikk.com |
|
Før Før Før Etter Etter Etter 5 uker post op. 5 uker post op.
|
UurEg er ei jente på 29 år, med to barn på 5 og 6 år. har dei siste åra vore plaga med betydelig overvekt, og har gått ned nesten 40 kg. Vekt i dag er på 71 kg, eg er 1, 72 m høg, og dermed med en bmi på 24. Den 22.august var eg til konsultasjon hos dr. Roaldsnes på medi3 i ålesund, og fekk innvilga full bukplastikk, berre 4 veker seinere. 22.september Eg fekk fjerna 1,3 kilo hud, og fettsugde 200 gr fett. hadde heldigvis lite "til overs", så det var mest den overflødige huda eg fekk kvitta meg med. ellers fekk eg flytta navel og sydde magemusklane øverst i magen. Reiste heim 4 timer etter at eg vakna, gjekk heilt fint. fekk to typer smertestillande, til å ta morgen og kveld dei første tre dagane, i tillegg til pinex forte. No, på tredje dagen, bruker eg berre paracet, 1 gram, og passer på å ta dette kvar 4.time for å unngå smerter. Går godt krokbøygd, og merker det i magen når eg skal legge meg ned i senga, men er ellers i fin form! Drena går eg fortsatt med, men det kjem ikkje væske ut lenger. desse skal fjernast onsdag, når eg skal til kontroll, og då får eg også sjå min nye mage!!! Ser fram til det! då kjem det også etter-bilder! hm...tenk på det, endelig er det overstått! litt uvirkelig enda, sidan bodyen er fastspent og ikkje skal fjernast den første veka, blir spennande!!! 26.september, ei veke etter operasjonen Var inne til kontroll på Medi3, og fekk fjerna dren. det var godt, og etterlengta, då dei var unødvendige å ha på så lenge og berre vart et "slep". Resultatet ser bra ut ifølge legen og pleierane som såg på meg. litt hoven i "musa", men dette mest sannsynlig fordi det vart fettsugd litt der. ellers ingen væskesamling. Det føles iallefall godt, har så og seie ingen smerter, tek kun to paracet på morgenen no, og det held. Ellers var det godt å få av bandasjen, så fekk eg retta meg en god del meir ut i ryggen. Er spent på resultatet videre. veit at eg er ganske hoven no, men er fornøgd med korleis det ser ut så langt. magen er FLAT under genseren, og det er berre en himmelsk følelse! :) Skal inn til kontroll om en mnd, og er sjukmeld i 2 1/2 veke til i første omgong. håper på å komme meg fort i gang igjen, kjenner at eg er utålmodig, men veit at kroppen treng tid til å komme seg... Kjem med oppdateringar seinere ****LYKKELIG*****
10/10 Tre veker sidan operasjonen. fjerna tapen for ei veke sidan, og arret ser kjempefint ut! tynt, lyst på farge, har grodd kjempefint! navelen er raud og smal, men ser fin ut, og ingen tendenser til puss i heldigvis! men bruker plaster på arret fortsatt ja! :) Har nesten fått retta meg ut i ryggen, føles godt, men merker at det er slitsomt i nakken, ettersom haldninga jo har vore heller dårlig dei siste vekene. Går en del tur, og har begynt med lett trening for nakken, slikt som belaster magen minst mulig. godt å kunne fungere litt igjen! Er sjukmeld ut veka, men har fått time i morgon og vil be om å få ei veke til, då eg ikkje føler meg klar for å fungere hundre prosent enda. ønsker ikkje å ta nokon sjanser, då eg har ein jobb med mykje løft og bøying. Vekta har rast ned til 68 kg, heilt av seg sjølv. Dette til tross for fleire utskeielser som eg har tenkt på som unødvendige, og den stillesittande perioden som eg har lagt bak meg! Fekk faktisk kommentarer på at eg hadde blitt så tynn, rart for meg som har vore så kraftig overvektig! men godt også! :) Er fullstendig overraska over kor bra alt har gått, og ser berre fram til å fungere normalt igjen, og kunne NYTE mitt nye liv, for det er nettopp det det er! fantastisk å sleppe å tenke på den plaga eg er kvitt! Bilde kjem snart, mangler en kabel! ;) 24/10 5 veker postop, har no fått retta meg heilt opp i ryggen!! :) har fått litt fysio-behandling, då eg har hatt litt problem med nakken tidligere. dette, kombinert med trening, gjer at eg føler meg som ny! føler meir og meir at magen er "min eigen", føles ikkje så fremmed lenger. arret er flott, kjempetynt og fint, men er litt hoven på "musa" slik som før. skal til kontroll om ei veke, så får sjekka opp dette då. har snart gått ei veke i full jobb, dette fungerer fint! var veldig klar for å komme igang med livet mitt igjen, og er glad for å sleppe en evt. skuffelse med å ikkje skulle klare dette. ellers trener eg daglig, går mange, lange turer. trener nakken, men kjenner at eg fremdeles må ta hensyn til magemusklane som jo er sydde. roing er nok ikkje å anbefale med det første, dessverre.. som de ser på bildet, så er navelen ganske raud, men ikkje betent. håper dette går seg til snart, trur det er for tett til at den får gro på skikkelig vis, med bodyen på til stadigheit. søv uten om natta no, nettopp pga dette. det går så langt veldig fint! magen er fremdeles hoven, men det er vel normalt? det føles iallefall godt, og eg er kjempefornøgd!!! :) |
|
|
Ansvarlig redaktør: Linda Kristin Sundseth
|