bukplastikk.com |
|
PinguEtter at eg i aug 2004 tok ein vektreduksjonsoperasjon har eg gått ned ca 60 kg og det var på tide å få gjort noko med min hengemage som eg har slitt med siden eg fekk eldstmann for 15 år siden. Den 9 mai blei eg operert på medi3 i Ålesund, var veldig spent på førehånd , synes det var rart å tenke på at magen skulle vekk, og klarte ikkje heilt å skjønne at det gjekk an. Møte opp på klinikken kl halv åtte, blei tatt godt i mot av anestesilege og sykepleier, etter ein liten prat med anestesilegen ,kom det ei sykepleier å kikket på meg for å sjå kva str eg trengte på bodyen etterpå. Ho kom også med forskjellige tab til meg, smertestillende, betennelsedempende og beroligende, fekk også utlevert sjukehusdrakt some g måtte ta på meg. Da dette var gjort kom kirurgen og han tegnet opp magen min etter at me hadde disuktert litt korleis snittene skulle være. Blei så hentet inn på operasjonsstua, la meg godt til rette og etter ei lita stund var eg vekk, husker ikkje meir før eg blei vekket litt over kl tolv, var i forholdsvis god form, litt sløv men ellers bra. Fekk vite at kirurgen hadde brukt 3.5 t på opereasjonen, 1 time hadde gått med til å stramme og fikse magemusklene som var ødelagde.Blei fjernetr 1,9 kg hud + at han fettsugde. Han hadde ikkje klart å fjerne arret etter vektreduksjonsoperasjonen , det var ikkje nok hud , men det er nå kommet så langt ned på magen at det skjules omtrent heilt av trusekanten, så eg er fornøyd . Var oppe av senga i halvett tiden, var ein tur på do før eg satte meg i ein spesialstol som dei hadde der, fekk også litt mat. Sat vel oppe i ca to timer før eg valgte å legge meg igjen, sov ei stund og låg ellers berre å sløvet. Var oppe på do igjen like før eg skulle heim, opplevde da et blodtrykksfall og blei skikkelig dårleg, fekk ei kvalmestillende sprøyte og da mannen min kom og hentet meg var eg i fin form igjen. Hadde ein kjøretur på ein time før eg var heime, det gjekk veldig greit, men det var godt å komme heim å få benket seg til i godstolen med pute under knea. Sov godt om natta, hadde rigget meg til med dyne i ryggen og puter under knea, tok så smertestillende før eg la meg og dermed så sov eg godt. Dag 1 til 7 besto stort sett i å stå opp, og rigge seg til i stua i godstolen, tok smertestillende med jevne mellomrom dei 4 første dagene, hadde egentlig lite smerter så lenge eg holdt meg i ro, men kjente det godt når eg var oppe og gjekk, men etter 4 dager gjekk det ganske bra det meste. 1 veke etter operasjonen var eg tilbake på medi3 og fekk fjernet drenet, det var godt, det svei godt i åpningen der det satt dei siste dagene før eg fjernet det, følte meg som et nytt menneske etterpå, fekk også det første glimtet av magen min, var rart å sjå at magen virkelig var flat. Etter at eg hadde fjernet drenet var eg ute på shopping , eldstemann skulle konfirmeres ei vekke etter, så eg hadde forskjelligt som eg måtte ordne, da eg kom heim etter 3 timer på handel, måtte eg berre kaste inn handklet og komme meg til sengs med feber, hadde nok overanstrengt meg litt. Veke 2 til dags dato har gått stortsett greit, tok det veldig rolig den andre veka også, slappet av stortsett heile dagene og mann og barn styrte i heimen, blei litt travlere i veke tre pga konfirmasjonen, men hadde heldigvis god hjelp så me fekk ein fin dag. Kjente det godt i dagene etterpå, men passet da på å kvile meg mest mulig og slappet godt av, begynte å plages med skikkelig sviing nede på venstre siden , klarte nesten ikkje å være bort i magen der det var vondt, gav seg litt da eg fjernet tapen pga at den strammet slik når magen hovnet opp i løpet av dagen, men etter nokre dager begynte det på an igjen, tok ta og fjernet ei skumgummiplate som eg hadde inni bodyen for å gi ekstra press på arret og etter et par timer var smertene vekk og eg har ikkje kjent noko til dei etterpå. Begynte å jobbe igjen etter 4 veker og det har gått kjempefint, jobber i bhg , unngikk å løfte noko særleg dei første vekene på jobb, og står fortsatt over dei tyngste løfta, men er begynt å gjere husarbeid og annet lett arbeid igjen. Magen hovner godt opp i løpet av dagen , men eg er kjempefornøyd så langt. Lykke til til alle som har tenkt å ta ein bukplastikk, gled dere til resultatet etterpå J Hilsen Pingu |
|
|
Ansvarlig redaktør: Linda Kristin Sundseth
|