Vart operert juni 2006 hos Medi 3 i Ålesund.
Fekk det dekka, kan tru eg var veldig happy den dagen etter konsultasjonen og 3 veker seinare sat eg der med ny mage. Han fjerna 1,5 – 2 kg. Hud (forstod eg på han), fettsugde øvre del av magen og så langt bak som han kom. Sa han hadde ”rota” godt med magen, sydd musklar på kryss og tvers. Låg der i 3 timar etter operasjonen, deretter 1 natt på hotell. Innom for sjekk dagen etter og så barst det heimatt.
Tok lite smertestillandes etterpå, hadde forventa meir smerter enn det var. 1 veke etterpå var eg hos fastlegen og fekk fjerna drenet, då var posen vorten ganske så full av ”gørr”. Etter 3 veker gjekk såret oppatt på 2 plasser, rensing og skifte av bandasje på dei områda nokre dagar, så var det ordna. Det som var tyngst for meg i starten, som helst vil sove på magen, det var å måtte ligge på ryggen. Låg der med 2 store puter under knea i 4 veker minst. Som alle andre så gjekk eg luta nokre veker, var litt travelt, men når det strammer og slite så har ein ikkje noko valg. Bodyèn brukte eg i 9-10 veker, men dei siste vekene gjekk eg iblant uten den, for ein lettelse. No er det 7 mnd.sia mi forvandling, dei siste 2-3 mnd. har eg merka lite (ingen) tegn til det eg og magen har vore igjennom, ingen hevelse eller sårheit. Såret har grodd veldig fin, synest det har forsvunne utrulegt fort, må vel ha god grobunn.
Er veldig fornøyd og utruleg takknemleg for at eg fekk denne operasjonen. Tidlegare sleit eg veldigt ang. magen, ikkje var han så god å skjule, gjekk for det meste godt påkledd sommrane, ikkje torde eg å bade offentleg osv. Trudde aldri eg skulle verte kvitt denne ”deigen”, samme kor mange sit ups, så var den der.
No er det som ein har starta på eit anna liv, alt er mykje enklare, føler meg vel og er STOR FORNØGD.
Så til alle andre som skal ta samme steget, LYKKE TIL






